søndag 17. mai 2009

Hurra for 17 mai!

Hannah like ikkje å bli tatt bilder av lenger, så når eg seie ho må smile så heng ho opp eit smil:)
Fint pynta søsken

Å få bilde av dei i lag, ikkje så lett, Frerik måtte holdes på plass, ville helst utforske grusen han:)






Gratulera med dagen alle sammen! Dagen e nesten over og roen har senka seg etter ein travel og lang, men veldig kjekk dag her hos oss. Me har hatt ein veldig fin dag, om den no starta litt kaotisk. Starta tidlig, og det gjekk jo fint for oss mårondfuglar, men for å gjera ein lang historie kort; etter flaggheis og at toget var så vidt i gang så vart det joggetur med ein unge på armen etter toget, for det måtte til bunadsfiksing, å ein aldri så liten joggetur(med vogn) for mannen heim for å hente sikkerhetsnåler, for så å fikse på bunaden hennar. Så når den var i orden, så måtte me nok ein gong jogge etter toget. Men me rakk det. Var nok eit fantastisk syn *hihi* Stressa familie ute på tur...Så me så syns me va så fine å stelte før me gjekk, jente med musehalar og meg med ganske rein og fin bunad; var ikkje fullt så flotte itte ein joggings på måronden:)
Men heldigvis etter ein ganske skjeiv start på dagen så retta da seg opp. Snille ungar, korpsspeling, masse is og lek. Å Hannah sin bunad såg akkurat ut så den skulle når me kom heim; sånn litt på skakke og full i is:)
Desverre så e da ikkje blitt så masse fine bilder frå dagen, dvs det har blitt mange bilder, men lite "brukande". Hannah vil rett å slett ikkje bli tatt bilder av så ho gjere seg til, å når eg skulle ta bilder av dei i lag, så va Fredrik langt av stad før me andre var klar...:) Men litt har da blitt, så eg legg ved nåken av dei.

1 kommentar:

  1. Gratuleremed dagen :-)
    Så flotte de var, ho var jo så nydelig i bunaden.
    kan se det for meg at dere jogger etter toget, men pleier jo ikke å gjør noe på Gilje, er jo ofte store mellomrom der blandt de som går...

    SvarSlett