mandag 22. juni 2009

Helg i Bergen
















Lite scrapping å vise fram, har laga to til konkurranser, men kan jo ikkje vise dei fram. Men no e da så herlig ver at kan nesten ikkje sitte inne å gjera så masse hobbyaktiviteter no. (men men, eg pleier no ikkje å klare å holde meg så mange dagane vekke frå scrappepulten i slengen*flau* )



Eg å Hannah har vore i Bergen å kost oss hos søstera mi i helga, ei helg me har sitt fram til lenge både eg og Hannah. Me har hatt nedtelling eg og Hannah nesten kvar mårond frå det var ti dagar til me skulle reisa, så kan tru ho har gleda seg. Me har vore på Akvariet, shoppa litt, ete masse god mat og vore på Fløyen. Fløyen kan me nesten ikkje heilt skryta over, for me tok banen opp, tok eit par bilder og tok banen ganske fort ned igjen. Da va så kaldt akkurat då, så va ikkje nåke blivande plass. Men da va stas med "tog", Hannah synst iallefall da, eg må ærlig innrømma at eg ikkje stortrivst oppover den bratte fjellsida. Å ikkje minst så va da visst veldig stas å få reisa med båt og buss. Kan trur da e svert å få vera på ferie åleina med mamma hos tante! Men skravla har gått i ett sio me reiste på fredag til ho la seg i går kveld (har mykje på hjerta den jenta) så kan tru me va trøtte når me kom heim....Å da va no godt å komma heim igjen til litleguten og! Han har vore heima å holdt liv i pappen....ein godt aktiv liten gut kan du sei...Tok eit par bilder av han nåken dagar før helga, han har utrulig masse for seg for tida, å do e ein spennande plass å vera...Farlig å snu ryggen til for visst døra e åpent på badet så e han der ganske så kjapt å då går da utover dorullen. Så ein dag hadde han rulla papiret av ein heil dopapirrull før eg fekk sukka..... Farlig når det blir stilt! Men før eg begynte å rydde så var eg berre nødt til å ta litt bilder...Kan tru da e spennade å vera 1 år og oppdaga nye ting å plukke på heile tida!


Legg ved litt bilder frå turen våras, men eg føle ikkje eg har fått nåken blinkskudd. Hannah skal ikkje bli tatt bilde av, så ho ser stort sett ned eller vekk visst eg drar fram kameraet. Så da har blitt ein del bilder av bakhåvet kan du sei....

1 kommentar:

  1. Fine bilder! Høyres ut som dåke har kost dåke:)
    Ligg ein award te deg i bloggen min;)

    SvarSlett